Den usynlege hytta på Skorpa
Nybygd hytte på Joneset på Sør-Skorpa
Vi er blitt glade i Skorpa, smiler Anne Lise Lavik, og viser rundt i den nybygde hytta på Joneset på favorittøya. Ho og ektemannen Harald Osland har gjennom mange år besøkt øya med eigen båt. Så oppdaga Harald at det skulle byggast ut eit hyttefelt her – og her står vi no. Hytta er teikna av Rune Melvær i iVest Consult, og Vestfjord Bygg fekk oppdraget med å bygge den for eit år sidan. Dei har gjort ein kjempejobb. No er det vi sjølve som skal ta oss av siste finish med møblar og pynt.
Dersom du har tatt rutebåten i vest det siste året, har du sikkert lagt merke til hytta nær ferjelemmen på Sør-Skorpa. Hyttebygginga var lett å sjå, men nå som hytta er ferdig, er den nesten usynleg. Den ligg lågt i terrenget, og form og farge gjer at den smeltar inn i naturen rundt.
Utsikt i alle himmelretningar
Heile hytta er på totalt 126 m2 – og i hovuddelen er det soverom og bad, i tillegg til romsleg kjøkken og stove. Frå kjøkkenet og stova er det ei fantastisk utsikt. Mot sør har ein panoramautsikt mot Skorpefjorden og over til Reksta, mot vest har du Kinn og Ytterøyane fyr å kvile auga på. Mot nord ruvar Blåkollen med sine 393 meter over havet – og mot aust går sjøvegen til Florø by.
Vi har valt svingstolar – og ikkje sofa – for då kan vi snu oss i alle himmelretningar og nyte utsikta (eller fjernsynet), fortel hytteeigarane på Joneset Harald Osland og Anne Lise Lavik.
Sentralt i ein utkant
Frå den lyse stova som er prega av glatte flater og store vindu kan ein følgje godt med på båttrafikken i Skorpefjorden. Sjølv om hytta ligg godt gøymt i terrenget, med lyng, eine og svaberg rundt seg er det berre eit lite steinkast frå kjøkenglaset til rutekaia. Vi føler at vi bur litt sentralt her, smiler Anne Lise. Under byggeprosessen har dei budd mykje i eigen båt, men no er det veldig snautt å ta rutebåten, nesten rett utom døra.
Frå Kalvåg til Skorpa
Paret som til dagleg bur i Kalvåg, var litt spente på korleis dei blei mottatt på Skorpa, sidan dei ikkje har nokon relasjon hit, anna enn som båtturistar i Æsøysundet. Folka her er veldig imøtekomande og har tatt imot oss med opne armar, smiler dei to. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå folk som har vore innom og sett på prosjektet vårt. Det er ikkje ei tradisjonell hytte med brunbeisa villmarkspanel og torv på taket, men folk likar det dei ser. Det er ei stilrein hytte, som krev stor presisjon frå dei som bygger den. Hos Vestfjord Bygg har dei sans for dei små detaljane, og det viser igjen i arbeidet.
Tilpassar seg vêr, vind og utsikt
Bygningsmaterialet er stort sett betong, tre og glas. Kledningen er MøreRoyal, som ikkje treng vedlikehald, men som vil gråne med tida – påverka av vêr og vind. På Skorpa kan det vere mykje vêr, og det har dei tenkt på når uteplassane skulle etablerast. Hytta har mange vinklar som igjen skapar mange krokar og krær både inne og ute. Vi skal legge skiferheller rundt hytta, mellom hytteveggen og svaberga — og har funne ut kvar vi kan sitte i dei ulike vindretningane, smiler dei fornøgde. Med skifergrått golv inne og skifer rett utom skyvedørene får du ei kjensle av å vere ute når du sit inne.
Svingar seg rundt
Utsikt har dei og tenkt på i møbleringa, som i stova berre består av lenestolar med sving. Her kan ein snu seg etter kva som skjer på utsida – og ingen får slange seg i ein sofa. På austveggen er einaste plassen ein kan henge opp ein TV – resten er utsikt. Alle møblane har vi kjøpt hos Møbelringen i Førde, fortel dei to fornøgd. Dei kom ut her med møblane, monterte dei og tok med seg alt av emballasje inn igjen. Superservice, kallar vi slikt.
Inspirert av pandemien
Hytta er bygd på ei flate og så enkel at vi trygt kan satse på å bli gamle her. Koronapandemien var ein vekkjar for oss, og vi har med i planane at vi kan bu fleire her – utan å ha tett kontakt. Difor har vi bygt eit anneks til hytta – som er i same bygget – men som har eigen inngang. I annekset som ligg mot nord er det eit lite kjøkken, eit bad og to soverom. Her kan ungane til Harald eller slekta mi frå Bergen vere på besøk, forklarar Anne Lise – utan at vi trakkar opp i kvarandre og er avhengige av heilt lik døgnrytme.
Føre var
Harald og Anne Lise er opptatt av sikkerheit og vil vere førebudd om landet kjem opp i ein liknande situasjonar som covid-19. Det er kjellar under deler av hytta, og her vil dei etterkvart få på plass både aggregat og beredskapslager. Dei fortel at vindua har fått ekstra forsterking, noko som kan vere viktig når det stormar og bles rundt novene på Joneset. Vi vil bruke mykje av tida vår her, avsluttar Anne Lise og Harald – og satsar på ein fin haust der dei kan sitte ute i krokar og krær rundt det flotte bygget sitt.
VESTFJORD BYGG
Foto 2010 lasta ned frå Google Street View