Kvalitet i alle ledd på Quality
Hotellet på bryggekanten driv med kontinuerleg vedlikehald og forbetringar.
På Quality Hotel Florø er målet å oppretthalde ein høg standard – for at gjestane skal vere godt fornøgde, fortel hotelldirektør Jonas Alander. Det betyr kontinuerleg vedlikehald og forbetringar av fasilitetane. For å klare dette er vi avhengig av flinke og stabile samarbeidspartar, som har forståing for arbeidet, er fagleg flinke – og kan stille på forholdsvis kort varsel. Vi har brukt Vestfjord Bygg til dette i mange år, enkelt og greitt fordi vi er veldig godt fornøgde med dei.
Jonas Alander viser rundt i hotellet, som har ei forholdsvis lang historie i kystbyen, og har vore ein god destinasjon for reisande i fleire tiår. Vi har veldig godt belegg – spesielt med folk som er i Nordsjøtrafikk og folk som skal på møte eller arbeidsoppdrag hos lokalt næringsliv i Florø. Stor trafikk betyr også stor slitasje, og spesielt lobbyen og restauranten trengde eit ansiktsløft, smiler Jonas.
Kontinuerleg fornying
Vi trur på konseptet med kontinuerleg utvikling for å unngå store og overveldande oppgraderingsprosjekt. Ved å stadig fornye oss, sørger vi for at gjestane våre alltid opplever eit oppgradert og moderne hotell. Mange av gjestane våre er gjengangarar, og dei legg merke til forbetringane vi gjer, sjølv om ikkje alt er synleg ved første augekast.
Lokal koordinering
Vestfjord Bygg spelar ei avgjerande rolle i rehabiliteringsprosessane. Dei har skifta både tak og golv i restauranten. Det gamle golvet er skifta ut med eit moderne og fargerikt golvteppe. I tillegg ga dei lobbyen vår ein total «makeover» ved å oppgradere innreiinga og skape ei meir innbydande atmosfære. Hotellkjeda sin eigen interiørarkitekt har leia prosjektet i tett samarbeid med Arne Ove Ringstad, i Vestfjord Bygg – som har koordinert det lokalt. Det er fleire fag som skal innom på ein slik jobb, og alt går smidigare når vi har ein som koordinerer arbeidet på plassen.
Gjestetilfredsheit det viktigaste
På spørsmål om korleis dette påverkar gjestane på Quality, fortel ein fornøgd direktør at gjestane har reagert svært positivt på oppdateringane. Restauranten framstår no meir moderne og elegant, og det nye golvteppet har verkeleg friska opp atmosfæren. Lobbyen er blitt eit nytt samlingspunkt for gjestane våre, og dei set pris på den forbetra komforten og estetikken. Totalt sett har oppgraderingane bidratt til å heve kvaliteten på opplevingane vi tilbyr, og det aller viktigaste er at gjestane er fornøgde.
Rom for rom
Som sagt så legg vi vekt på å heile tida ha eit prosjekt på gang. I vinter lanserte vi eit heilt nytt TV-system for å gje gjestane våre den nyaste teknologien og eit breitt utval av underhaldning. No, som ein del av innsatsen for å forbetre, får romma våre heilt nye golv. Etter påske vil vi ta det eit skritt vidare med nye gardiner og maling av veggane. Målsetting er å gjennomføre desse oppgraderingane saumlaust, slik at gjestene våre ikkje ein gong merkar at arbeidet pågår. Intensjonen vår er at romma skal maksimum vere stengde ein dag, og det målet klarer Vestfjord Bygg å halde. Dei jobbar raskt og effektivt, og gjer eit godt arbeid, slår hotelldirektøren fast.
Haavebua – overrasking og suksess
Haavebua er som namnet seier ei gammal sjøbu. Den ligg vegg i vegg med hotellet og husar både store konsertar, konferansar og festar av ulike slag. Det som begynte som ein plan for å skifte ut nokre punkterte vindauge, tok raskt ei uventa vending. Då snikkarane begynte å undersøke veggen, oppdaga dei noko urovekkande; Noko var knekt inne i veggen, og det viste seg å vere ein skade som kunne ha ført til at heile bygningen sklei ut. Det blei raskt klart at dette ikkje var ein enkel jobb med å berre å bytte vindauge.
Frå vindusskift til rehabilitering
Prosjektet kravde ei omfattande rehabilitering, der ingeniørar hos iVest Consult måtte inn i bildet for å prosjektere sikringsarbeidet. Vi måtte styrke strukturen med stålsøyler for å sikre både stabilitet og sikkerheit. Sjølv om det var ei uventa og kostbar affære, så er vi glade for at snikkaren meldte frå om det han oppdaga, og at Vestfjord Bygg tok jobben. Dei er effektive og flinke med gamle hus. Det vi set ekstra pris på med dei er den endelege finishen, smiler Jonas fornøgd. Det som starta som ei tilfeldig oppdaga overrasking enda opp som ei suksesshistorie for den gamle sjøbua. I dag står Haavebua støtt på «stålbein», klar til å ta imot framtidige generasjonar til møte og moro.
Vedlikehald langs sjøen
Kaifronten på sjøsidene av hotellet har også fått eit sårt tiltrengt ansiktsløft siste året. Skjørtet langs hotellbrygga var pill ròten, men Vestfjord Bygg skifta ut alt av treverk – slik at det var klart til båtsesongen 2023. Å «stå på» sjøen og skru fast bord er ikkje berre enkelt, men det fiksa dei fint, fortel Jonas medan han peikar ned langs bryggekanten. Dei rigga seg til med ein solid flåte som dei forankra i kaia, og flytte seg rundt etter behov. Resultat gjorde bryggekanten både tryggare og finare.
Trygt og enkelt for oss
For oss er det lettvint og trygt å ha ein leverandør å forhalda oss til. Vi har mange ulike oppdrag gjennom året, men vi brukar berre Vestfjord Bygg til alt som har med tømrararbeid å gjere. Dei er alltid tilgjengeleg og klare til å handtere både små og store oppdrag, med profesjonalitet og fagleg dyktigheit, i tillegg til at dei koordinerer dei ulike handverksfaga som må inn i jobbane. Det gjer ting enklare for oss, avsluttar ein fornøgd hotelldirektør.